Marknadshagar Vestland

Ein marknadshage er småskala grønsaksproduksjon kor produkta vert omsett gjennom marknadskanalar for lokalmat. Bondens marknad samarbeider tett med Norsk landbruksrådgiving og Statsforvaltaren i Vestland om å stimulere til fleire marknadshagar i Vestland, gjennom kurs, webinar og markvandringar. 
 
Arrangørane håpar at fleire forbrukarar kan få kjøpt grønsakene sine lokalt, og forsyne folk og resaturantar i Norges nest største by og tettstader i Vestland, med lokalproduserte grønsaker. Bergen kommune er i gang, med eit eige marknadshageprosjekt. Her er målet å doble arealet brukt til grønsaker frå 4 til 8 dekar innan 2022. For Vestland er målet 15 nye marknadshagar i fylket innan 2022. 
 

Deltakarar frå heile Vestland fylke

30 ivrige deltakarar starta hausten 2019 og 2020 på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marknad og NLR Økologisk og NLR Vest. Det var to to-dagarssamlingar med rådgjevar Hans Gaffke frå NLR, samt ein entreprenørskapssamling, kor Kompetansenettverket for lokalmat Vest-Norge og Sogn Jord-og hagebruksskule var aktive. På kvar samling var det erfaringsdeling frå lokale småskala grønsaksprodusentar. Deltakarane fekk i tillegg tilbod om å fylje eit webinar (7 stk) med grønsaksrådgjevar i NLR, Kari Bysveen, om økologisk grønsaksprouksjon.
 
Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift. Det vert truleg tilbud om kurs frå hausten 2021 også - sett deg opp på venteliste her...
 
Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Støtte etter kurset

Sjølv om kurssamlingane i 2020/2021 no er over, men det framleis oppfølgingsaktivitetar på gang. Det finst gode rådgjevingsordningar gjennom Norsk Landbruksrådgiving Vest. Deltakarane som er mogne for det, kan søkje om å bli ein del av fadderordninga til Statsforvaltaren i Vestland (kun 2021). I sommar er det planlagt markvandringar med kurshaldar Hans Gaffke frå NLR.
Sjå Aktivitetskalender for meir informasjon.
 
Nokre av deltakarane vil også ta med seg produksjonsplanane sine frå kurset og søke Innovasjon Norge om støtte til småskala grønsaksproduksjon, som er ei eiga støtteordning frå 2020 - Les meir her...
Det er også spesielle vilkår for søknader til Innovasjon Norge i Vestland, som du kan lese meir om her...
 
Frå grønsaksfelta til Ulvik Andelslandbruk, som har drive småskala grønsaksproduksjon sidan 2015.
Frå grønsaksfelta til Ulvik Andelslandbruk, som har drive småskala grønsaksproduksjon sidan 2015. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage, handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på 1-5 dekar, med faste bed i eit vekstskifte. Det er låge investeringsutgifter og mekaniseringsgrad.  Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsaksproduksjon. Vestlandet har eit mildt klima og mange småareal som er eigna for grønsaksproduksjon. Marknadshageprinsippa er tilpassa eit vestlandsjordbruk der ein har nærleik til marknad og faste kundar, som i andelslandbruk eller abonnementsordningar for grønaskassar i sesong.

 

Kurs og aktiviteter

Markvandring og nettverksmøte på SJH
29. august - 30. august
Sogn Jord-og hagebruksskule, Aurland
Bondens marked, Statsforvaltaren i Vestland, Sogn-jord og Hagebruksskule
Markvandring småskala frukt-og bær - frå tindved til sidersortar
27. september 13.00 - 18.00
Leikanger og Balestrand
Statsforvalteren i Vestland i samarbeid med Øko-Veka i Vestland
Inkubatorprogram for markedshagedrift 2021-22
1. oktober - 2. april
Ulike steder i Vestland fylke: Voss, Aurland, Førde, Bergen - ikke alle bestemt ennå. Webinar, filmer, nettmøter, lokale samlinger og markvandringer.
Bondens marked i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving Vest, Stiftelsen Lystgården, Statsforvalteren i Vestland og prosjektet Stadsbruk Europe.
Sylting og fermentering av grønsaker
21. oktober 09.30 - 17.00
Aurland, Sogn Jord- og Hagebruksskule, Skulevegen 24, 5745 Aurland
Kompetansenettverket for lokalmat, SJH
Jord-og grøftekurs 3. nov
3. november 09.00 - 16.30
Movegen 30, 6819 Førde
Norsk Landbruksrådgiving Vest, Fadderprosjektet v/Statsforvalteren i Vestland, Mo og Jølster Vidaregåande Skule.
Vis alle