Fylkesvise tilskot (RMP) til grønsaksproduksjonar

Regionalt miljøprogram (RMP) finst i kvart fylke og har regionale tilpassingar av tilskotsordningane. Nokre av dei har tilskot til grønsaksproduksjon, mellom anna i Vestland fylke. 

Grønt dekke, rug, i et grønsaksfelt.
Sogn Jord-og hagebruksskule har prøvd ut fangvekster i grønsaksproduksjonen i fleire å for å finne praktiske løysingar for dette. Her er rug sådd i etter innhausting. Foto: F.Lindén / SFVL.

Kva er regionalt miljøprogram?

Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget i kvart fylke. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast.

I miljøprogrammet for Vestland er det definert fylgjande delmål:

  1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
  2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  7. Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Dei regionale miljøtilskota er hovudvirkemidla i miljøprogrammet for å nå delmåla definert over, og dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot, ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.


Døme på to ordningar i Vestland

I Vestland vart det i år innført to nye ordningar innan potet- og grønsaksproduksjon.

Dette gjeld fangvekstar sådd straks etter hausting av tidlegkulturar av potet, rotvekstar og grønsaker. Fangvekstar reduserer jorderosjon og tap av næringsstoff. Dei aukar det organiske innhaldet i jorda, bind karbon og er dermed òg eit klimatiltak.

Det vert óg innført nytt tilskot til bekjemping av ugras (mekanisk eller flamming) i radkulturar. Målet med tiltaket er å stimulere til nedkjemping av ugras utan bruk av kjemikaliar.

Les meir om RMP-ordninga i Vestland.

Dersom du ynskjer å finne ut om RMP-ordninga i ditt fylke, nyttar du søkjeorda: RMP, Statsforvaltaren, 'Namnet på fylke du bur i'.

 

Les meir om moglege støtteordningar for marknadshagar

 

 

Publisert 01.08.2023