Innføringskurs i markedshage - testproduksjon

Markedshager Vestland

Desse to kveldsforedraga skal førebu deg til å starte opp eit testbed på eigen gard eller leigd areal på 100-300 kvm i vekstsesongen 2021. Innføringskurset er skreddarsydd for deg som ikkje har drive ein testproduksjon tilpassa marknadshagedrift enno.  

Katinka Kilian drive Ulvik andelslandbruk og har flere års erfaring som markedshagedyrker og driver kurs-og foredragsvirksomhet om småskala grønsaksproduksjon.
Katinka Kilian drive Ulvik andelslandbruk og har flere års erfaring som markedshagedyrker og driver kurs-og foredragsvirksomhet om småskala grønsaksproduksjon. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Du får tips til ein startpakke for å koma igang med ein testproduksjon til ein meir permanent, og utvida marknadshageproduksjon. Kurset vil også førebu deg godt til eit meir djuptgåande marknadshagekurs til hausten.

Gunnlaug Røthe frå Norsk landbruksrådgiving Vest vil førebu deg på grunnleggande agronomi og jordkunnskap, medan Katinka Kilian, som driv grønsaksproduksjon til Ulvik Andelslandbruk, vil gje deg alle dei praktiske tipsa for ein god oppstart av eit testproduksjon med utgangspunkt i marknadshageprinsippa. 

 

PROGRAM

TYSDAG 18. mai

19:00-19:10 - Velkommen og innleiing v/Frøydis Lindén, Statsforvaltaren i Vestland

19:10-20:00 – Gunnlaug Røthe , Norsk landbruksrådgiving Vest, rådgjevar innan småskala grønsaksproduksjon.

Kva er det viktig å tenkje på når ein skal drive med grønsaksproduksjon på Vestlandet? Eit føredrag med vekt på god agronomi og om å utvikle grønsaksjord i eit vestlandsklima. Du får også praktiske tips om gjødsling og å førebu eit testareal for ein marknadshage/småskala grønsaksproduksjon.

20:05 - 21:00 Erfaringar frå grønsaksdyrking på Vestlandet – Katinka Kilian, prosjektleiar inkubatorprogrammet Bergen.

Katinka Kilian driv garden Undeland saman med mannen Grzegorz Kramar. Frå garden sel dei alle grønsakene sine gjennom Ulvik andelslandbruk, som dei starta i 2017. Katinka vil starte med å gje praktiske tips til korleis du etablerer eit testareal i praksis: "Grønsaks-hacks" i eit Vestlandsklima, del 1: Jorddekke, fiberduk og bøyler, faste bed, brakking vs fresing og pløging, enkel utstyrsliste for redskap osb.

 

TORSDAG 20. MAI

19:00 – 21:00 – pause 19:50-20:00

Katinka Kilian held fram med sine «Grønsaks-hacks»: Del 2:
Råd om eit utval grønsaker ein kan starte med å dyrke. I tillegg vil kvelden bli avslutta med korleis du kan kome i gang med å teste produksjonen din på ein marknad eller eit utval kundar. Her bidreg óg Frøydis Lindén, fra Statsforvaltaren i Vestland.

 

Praktisk informasjon: 

Du vil få tilsendt lenke til webinaret (Teams) når du er påmeldt og etter påmeldingsfristen er utløpt: 17. mai kl 18. Det vil bli gjort opptak av dei to kurskveldane, som dei påmelde har tilgang til tom 1. juli. 2021. Du får også tilsendt pdf av foredraga dersom du er påmeldt.

Vel møtt!

 

Logoer for Bondens marked, Norsk landbruksrådgiving Vest, Statsforvalteren Vestland

 

 

Publisert 06.05.2021
Dato:
18. mai 2021 19.00 - 20. mai 2021 21.00
Sted:
Webinar - Teams
Arrangør:
Bondens Marked, Norsk landbruksrådgiving Vest, Lystgården - Bybonden i Bergen, Undeland gard, Ulvik
Målgruppe:
For deg som har tenkt å starte opp ein grønsaksproduksjon for sal gjennom lokalmatkanalar som Bondens marknads, REKO, restaurantar, gardsbutikkar. Du bør ha gard eller ha planar om å kjøpe gard på sikt. Dette er ikkje eit kurs for ein hobbyproduksjon eller sjølvforsyningshage. Då kan du ta kontakt med Hageselskapet eller andre kontaktpersonar for urbant landbruk i din kommune.
Påmeldingsfrist:
17. mai 2021 18.00