Markvandring småskala frukt-og bær - frå tindved til sidersortar

Markedshager i Vestland

Tenkt på å etablere ein allsidig frukt-og bærproduksjon på eigen gard, men i tvil om kva du skal satse på? Tindved, minikiwi, svarthyll, eit mangfald av plomme, pære og eplesortar - til foredling eller rein nytelse? Du får både smake og lære av omvisarar på Njøs frukt og - bærsenter i Leikanger, med avslutning på ein markvandring med smaksprøver i eplehagane til Ciderhuset i Balestrand. 

Eit mangfald av sortar og smakar får du oppleve på Njøs frukt-og bærsenter og på Ciderhuset  i Balestrand måndag den 27. september.  Foto: Jorunn Hanto Haugse (venstre,midt), Ciderhuset (høyre).
Eit mangfald av sortar og smakar får du oppleve på Njøs frukt-og bærsenter og på Ciderhuset i Balestrand måndag den 27. september. Foto: Jorunn Hanto Haugse (venstre,midt), Ciderhuset (høyre). Foto: Jorunn Hanto Haugse (t.v og midt) og Ciderhuset Balestrand (t.h.).

Du får ein ettermiddag på Njøs i Leikanger, med kunnskap om sortar frå forskarar som driv med sortsutvikling, slik at du kan vurdere kva du skal satse på. Dei har dyrkarrettleiarar for meir sjeldne frukt-og bærkulturar, slik at du kan planlegge dine plantingar for framtida. Me får óg omvising i øko-frukthagen, kor dei har testa ut ulike såblandingar som underkulturar i trerekkene.

Ciderhuset i Balestrand har i ei årrekke testa ut frukt og bærsortar for å utvikle ulike smakar og karakterar på jus-og ciderprodukt. Dei har hausta prisar for produkta sine og er engasjerte og gode formidlarar av smaksopplevingar med drikkevarer frå frukt. Me får smake dei alkoholfrie variantane frå Ciderhuset og Balholm.

Arrangementet er ein del av ØKOveka 2021 og er gratis, men krev påmelding. Fyll ut skjemaet under programmet.

PROGRAM

12:45 - oppmøte på Njøs frukt-og bærsenter. Adresse: Njøsavegen 5.

13:00-15.00 Markvandring på Njøs Næringsutvikling med Dag Røen (nye frukt-og bærkulturar og Liv Hatleli Gilpin (øko-hagen). 

15:40/16:10 Ferje Hella - Dragsvik

16:30-18:00 Omvisning med Åge Eitungjerde i eplehagen rundt Ciderhuset Balestrand - Balholm. Adresse: Sjøtunsvegen 32

Med atterhald om endringar som følge av Covid-19 restriksjonar lokalt eller nasjonalt. 

PÅMELDING

Påmeldingsfrist er 24. september kl 12. 

 

Publisert 08.09.2021
Dato:
27. september 2021 13.00 - 18.00
Sted:
Leikanger og Balestrand
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland i samarbeid med Øko-Veka i Vestland
Målgruppe:
Alle som er interesserte. Gratis, men du må melde deg på.
Påmeldingsfrist:
24. september 2021 12.00