Nye Bondens markeder i Vestland

No vert det testa ut marknadar på fleire nye stader i Vestland utover hausten og vinter/vår 2022. Du kan bli med og teste sal av varene dine no i haust. 

Foto: Randi Leedal Gjertsen / Bondens Marked Norge.

Utvidar med nye marknadsplassar

Frå 2003 har publikum i Bergen, Førde, Florø og etter kvart Sogndal, kunne besøke Bondens marked og handle direkte frå bønder og matprodusentar som er godkjende for sal under merkevara. Det nyaste av Bondens marked Vestland ser dagens lys i Nordheimsund, kommande laurdag, 16. oktober. 

Fleire stader i Vestland skal prøvast ut

Aktuelle stadar i tillegg til etableringa i Kvam er no på kort sikt Voss, Knarvik, Os og vi må sjå på nordsida av Nordfjorden i nord. I tillegg vil marknadane i Førde, Florø og Sogndal gå som før. Bergen har marknad kvar andre veke gjennom året. 

Her finn du oversikt over dei nye stadene og datoane i haust

Infomøter kjem i oktober på nett og fysisk – meld di interesse her 

Send oss nokre tankar for din stad og din situasjon til: vestland@bondensmarked.no

 

Lett å kome i kontakt med nye kundar

Mange forbrukarar har fått auga opp for lokalmaten og ynskjer å bruke meir, men treng kanskje litt tid for å bli kjende med produkta. På Bondens marked får ein smake, sjå og prate med dei som lagar varene. Det kan vere kjekt å få prøve litt før ein kjøper større mengder. 

Vi ser fram til å tilby kundar fleire stadar å møte oss på og få med oss nye produsentar og bygge opp eit tilbod på fleire tettstadar i fylket. For produsenten er det enklare å komme i gang med torgsal på ein stad nært seg sjølv enn å reise til marknadar lengre unna. Nokre produsentar har Bondens marknad som sin hovedkanal for varesal, medan andre er innom ei tid og finn alternative kanalar.

Opptak som produsent

Stiftinga Bondens Marked Norge eig merkevara Bondens marked og produsentane vert godkjente for sal gjennom ein søknad. Marknaden vert organisert av produsentane sjølve, men du får hjelp til oppstart og organisering.

Har du lyst å delta på ein av dei nye marknadane?

Ta kontakt med Aud Slettehaug i Bondens Marked Vestland:  vestland@bondensmarked.no

Velkommen!

 

Bondens marked Vestland er støtta over Regionale tilrettelggingsmidlar frå Vestland Fylkeskommune.

 

 

Publisert 15.10.2021