Markedshagekurset 2020

Markedshager Vestland

Marknadshagetrenden har strekt seg over heile landet, og er ikkje lenger berre eit dyrkingsfenomen i bystrøk.No håpar Bondens marknad og NLR Økologisk at fleire kan få grønsakene sine lokalprodusert, og endå nærare Norges nest største by – og andre byar i Vestland fylke.

Eirik Halvorsen har drive småskala grønsaksproduksjon i fleire år, og held no til i Hålandsdalen utanfor Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Han var og fadder til fleire av dei nye grønsaksprodusentane i sørlige delen av Vestland fylke.
Eirik Halvorsen har drive småskala grønsaksproduksjon i fleire år, og held no til i Hålandsdalen utanfor Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Han var og fadder til fleire av dei nye grønsaksprodusentane i sørlige delen av Vestland fylke. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

I 2019 fekk over hundre Bergensarar får grønsakene sine frå Ulvik eller Eikelandsosen kvar fjortande dag i sesongen. Kan ein gjennom kurset rekruttere til fleire produsenter og dermed doble arealet brukt til grønsaker i Bergen kommune frå 4 til 8 dekar i løpet av eitt år?

Dersom 10 startar opp sin marknadshage spreidd i Vestland fylke innan 2023, vil arrangørane bli nøgde. 30 ivrige deltakarar starta i januar 2020 på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marknad og NLR Økologisk.

Deltakarar frå heile Vestland fylke

Det var 18 deltakarar frå Hordaland og 12 frå Sogn og Fjordane, og ein vonar kurset vil gje ringverknader i heile Vestland fylke. Dei deltok på tre to-dagarssamlingar med rådgjevar Hans Gaffke frå NLR, og fekk tilbod om webinar om økologisk grønsaksprouksjon av Kari Bysveen. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift.

Sjå programmet for samlingane i vedlegga ved sidan av.

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage, handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på 2-5 dekar, med faste bed og eit vekstskifte. Driftsformen er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsaksproduksjon. Vestlandet har eit mildt klima, med mange småareal kor jordsmonnet er eigna for grønsaksproduksjon. Marknadshageprinsippa er på den måten tilpassa eit vestlandsjordbruk, og er ein attraktiv produksjonsmåte for småskala lokalmatproduksjon, der ein har nærheit til marknad og faste kundar.

Støtte etter kurset

Omlag 10 deltok i fadderordninga til Fylkesmannen i Vestland, dei fekk også tilbod om fagdag grøftig/jordstruktur, og studietur til Tyskland når coronarestriksjonane lettar. Sommaren 2020 vart det gjennomført markvandringar med kurshaldar Hans Gaffke frå NLR. Dei besøkte i august Sogn Jord-og hagbruksskule sin marknadshage, og to av dei mest drevne og erfarne småskala grønsaksdyrkarane i Hordaland, som var faddarar for fleire av dei nye dyrkarane: Undeland gard i Ulvik og garden til Erik Halvorsen i Hålandsdalen (Bjørnafjorden). Nokre av deltakarane vil også ta med seg produksjonsplanane sine frå kurset og søke Innovasjon Norge om støtte til småskala grønsaksproduksjon (eigen ordning frå 2020).

Publisert 12.04.2021, Oppdatert 13.04.2021
Dato:
15. januar 2020 - 20. mars 2020
Sted:
Voss, Skei i Jølster, Bergen
Arrangør:
Bondens Marknad i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Vest/sentralt og Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
Gardbrukarar