Markedshagekurset 2021

Markedshager Vestland

Markedshagekurset 2021 ble arrangert av Bondens Marked i samarbeid med Statsforvalteren i Vestland og Norsk Landbruksrådgiving Vest og sentralt. Kurset var fulltegnet og gikk fra november til mars 2021, med 30 deltakere og 4 samlinger.  

Kurs i markedshagedyrking kommer trolig igang igjen høsten 2021. Meld din interesse i lenken under, og få varsel når påmelding starter. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Utlysing av markedshagekurset 2021 - KURSET VAR FULLTEIKNA

Kurset gir deg oppstartskunnskap om både marknadsarbeid og produksjon av grønsaker for sal på Bondens marknad, REKO, og eigne gardsutsal. Kurset byr på:

  • Ei trygg innføring grønsaksdyrking frå rådgjevarar i NLR, ein god los inn i marknadsarbeid gjennom Bondens marknad og andre lokalmatekspertar i Vestland
  • Ein god porsjon møter med bønder og gartnarar som med stor iver har starta og klekt kodene for å få til ein marknadshage.
  • Tilleggsaktivitetar: Mange er framleis i oppstartsfasen og kurset sper på med studietur i samarbeid med Bjørnafjorden landbrukskontor, og markvandringar i sesong og fadderordningar.
  • Kurset vil og dra nytte av erfaringar og samarbeid med Stadsbruk-prosjektet i Malmø. Les meir her

Datoer

28.oktober - Voss – Inspirasjonssamling på kveldstid kor du vil møte erfarne og nyoppstarta bønder og gartnarar som driv ein marknadshage eller småskala grønsaksproduksjon. Då får du også vite meir om kurset og mulege støtteordningar frå Innovasjon Norge.

Dersom du får plass på kurset (tilbakemelding 10. nov) er desse samlingane obligatoriske for deg:

  • Kræsjkurs i Grønsaksdyrking (17.nov)
  • Marknadshagekurs (2x2-dagarssamlingar med overnatting) 19.-20. januar + 16.-17. februar i 2021,
  • Entreprenørskapsdagane 9.-10. mars i 2021. Sjå detaljert plan i teksten under.

Søknad og påmelding til Marknadshagekurset 2021

Søknadsfrist er 1. november. Deltakaravgift i 2020: kr 2500,-, og i tillegg må du dekke overnatting og middagar på samlingane. Deltakeravgiften betales rett etter at at du har fått tildelt plass (ca. 10. november).

Kurset er open for 30 deltakarar som vil starte opp småskala grønsaksproduksjon for sal. Dette er med andre ord ikkje eit kurs for hobbygartnarar eller folk som vil drive ein parsell eller sjølvbergingshage. Er du på jakt etter hobbykurs, så kontakt Bybonden i Bergen, Ida Kleppe.

Publisert 13.04.2021, Oppdatert 13.04.2021
Dato:
19. januar 2021 - 10. mars 2021
Sted:
Vestland
Arrangør:
Bondens Markeds, Statsforvalteren i Vestland, Norsk landbruksrådgiving Vest og sentralt.
Målgruppe:
Gårdbrukere og gartnerutdannede