Digital Markvandring Vestlandet

Eit problem i åkeren som du ikkje har funne løysinga på i sommar? På digital markvandring kan du få svar på spørsmål frå ein erfaren grønsaksrådgjevar, basert på bilder og annan dokumentasjon (feks bilde, video) du har sendt inn på førehand. Påmeldingsfrist 22. august. Pris 200,- per deltaker. 

Luking, løk, åker, markedshage, vestland

I samarbeid med NLR Rogaland og NLR rådgiver Thomas Holz blir det gitt tilbud til markedshagedyrkere i Vestland, som ønsker å delta.

Digital markdag med Thomas Holz, grønsaksproduksjon etter økologiske prinsipp

Tema

Aktuelle spørsmål og problemstillingar i siste del av årets vekstsesong. Mange kjenner Thomas Holz, rådgivar økologisk grønsaksproduksjon i Norsk Landbruksrådgiving Øst, frå tidligare markdagar og kurs. Han vil leide oss gjennom digital markvandring der me drøftar bilete og spørsmål frå deltakarane, erfaringar med sesongen og ser på moglege forbetringspotensial.

Faglege spørsmål? Send inn innan 22/8

Alle deltakarar kan sende inn korte, tidsaktuelle spørsmål frå si dyrking. Send gjerne også bilete, gjerne frå heile felt, fleire planter og nærbilete. Bilete, spørsmål og moglege svar vil bli drøfta med Thomas i felleskap på den digitale markdagen. Send spørsmål og bilete innan 22/8. Meir info får du etter påmelding.

Meld deg på

innan 23/8 her med påmeldingsskjema. Du får epost kort tid før møtet med link til Teams. Du treng ikkje programvare for å delta. Ein PC med internett-tilkobling er nok.

Pris: Medlemmer i NLR Rogaland gratis. Andre kr 200 per driftseining. Maks tal deltakarar 35.

Velkommen!

Ane Harestad i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

 

Publisert 11.08.2021
Dato:
24. august 2021 10.00 - 11.30
Sted:
Teams
Arrangør:
NLR Rogaland
Målgruppe:
Til interesserte med bakgrunn i småskala grønsaksproduksjon / markedshage.
Påmeldingsfrist:
23. august 2021 23.00