Jord-og grøftekurs 3. nov

Det er både auka interesse og behov for meir grønsaker for sal til lokalmatmarknaden i Vestland fylke, men det er stor variasjon i kor eigna jorda er til å dyrke grønsaker på. Lokalklimaet, helling og jordsmonnet er grunnlaget for val av produksjon, og på denne fagdagen er det jordsmonn og drenering ein vil lære meir om. Påmelding til 3. nov er lagt ut.

Jord, hender, grønsaksjord

God drenering er ein av dei viktigaste tiltaka for å legge tilrette for vellukka grønsaksdyrking. I tillegg til planlegging og vedlikehald av grøfter, vil ein på fagdagen vil gå igjennom kva for jordtypar du bør ha for å starte med grønsaksdyrking, og utfordringar ein kan møte med å dyrke grønsaker i myrjord. Ein vil også sjå på kva for jordtypar som har god nytte av kompost, og andre tiltak for jordforbetring. Fagdagen vil óg passe for deg som vil etablere ein frukt-og bærproduksjon.

Når: 3. november. Påmelding her...
Kor: Mo VGS, adresse: Movegen 30, 6819 Førde,
Rom: S114, Undervisningsbygget på gardsbruket
Korleis: Klasseromundervisning og markvandring
Påmelding: Frist 1. november
Pris: 350,- (inkl. lunsj).


PROGRAM

09:00 – Kaffi og registrering

09:30 – Grøfting og andre dreneringstiltak i teori og praksis v/Trygve Torsteinsen, NLR Vest

12:00 – Lunsj

13:00 – Har eg riktig jord? Vurdering av jord til grønsaksproduksjon (inkludert myrjord) – klassifisering av jord og praktiske tips, analyse av jordprøver v/Gunnlaug Røthe, NLR Vest.

14:00 – Utedel med praktiske øvelsar v/Trygve Torsteinsen og Gunnlaug Røthe, NLR Vest. 

16:30 – Slutt

PÅMELDING

 

Med atterhald om endringar knytt til lokale eller nasjonale smittevernreglar knytt til Covid-19 pandemien.

Logoer for Bondens marked, Norsk landbruksrådgiving Vest, Statsforvalteren Vestland
Publisert 14.06.2021
Dato:
3. november 2021 09.00 - 16.30
Sted:
Movegen 30, 6819 Førde
Arrangør:
Norsk Landbruksrådgiving Vest, Fadderprosjektet v/Statsforvalteren i Vestland, Mo og Jølster Vidaregåande Skule.
Målgruppe:
Gardbrukarar som driv eller vil drive grønsaks-og/eller frukt/bærproduksjon. Andre driftsformer kan også delta, då grøftingsdelen av kurset er generelt.