Økologisk fruktdyrking - workshop
På Sogn Jord og-hagebruksskule i Aurland har dei etablert ein visningshage for økologisk fruktproduksjon, kor dei viser fram ulike dyrkingssystem for økologisk drift. 7.-8. mars blir det ein workshop kor du får hauste av dei viktigaste erfaringane so langt, samt podekurs og inspirasjon til å starte ein fruktproduksjon med tanke på direktesal og lokal omsetning.
Målet med samlinga er at du som småskalaprodusent skal se muligheitene i norsk økologisk fruktdyrking med tanke på direktesal av frukt og jus: Kva for val har ein med tanke på
- sortar
- dyrkningssystem
- mekaniseringsgrad
- årshjulet - kva styrer ein småskala økologisk fruktproduksjon
Pris for heile helga kr 500
PÅMELDING innan 1. mars - 20 plassar
PROGRAM
PROGRAM
Fredag 6. mars blir det tilrettelagt med kveldsmat og mulegheit for overnatting på internatet på SJH.
LAURDAG 7. MARS
09.00 - NY sortveileder for økologisk eple-og pæreproduksjon v/Njøs
10.00 - Sammenhengar mellom sortsvalg, plantemateriale og plantevern v/Martin Dalen
11.00 - Podekurs - intro til teknikkar v/ Oddmund Frøynes
12.00 LUNSJ
13.00 Podekurs – gårds-planteskolen frå pisk til fruktbering. Slutt: 16.00
17.00 – MIDDAG på Marianne’s kafe på Aurlandsvangen
18.00 – INSPIRASJONSFOREDRAG med Astrid Bjørnson, Kryssgaarden i Larvik.
19:00 – baren er open…
- overnatting på SJH sitt internat er muleg - 500 kr per natt.
8. MARS
08.00 markvandring i visningshagen – 3 ulike dyrkingssystem for frukt: fra tettplanting til mer ekstensive system med kraftige grunnstammer (SJH)
10.00 Prinsipp for skjering av dei 3 ulike dyrkingssystema v/ NLR
12.00 LUNSJ
13.00 Mekanisering i fruktplantingar + lagring
14.00 Årshjulet i frukthagen (gjødsling, plantehelse, jordprøve)
15.00 Direktesal og regelverk for produksjon av sider v/Kompetansenettverket for lokalmat Vest-Norge.
16.30 HEIMREISE
Pris: 500 ,- per deltakar for heile helga
PÅMELDING innan 1. mars - 20 plassar
Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har i 2025 starta arbeidet med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon. Den er til inspirasjon for deg som vil etablere fruktproduksjon på eigen gard, anten som hovudnæring eller som eit tillegg til andre produksjonar. I ei helg i mars vil hagebrukslærar Mathias Lehrmann dele erfaringane av dette arbeid med deg og invitere andre produsentar og fagfolk til erfaringsutveksling, podekurs og sortvurderingar – ein workshop i øko-fruktdyrking!