Markvandringar i Rogaland i juni

Hans Gaffke blir med på markvandringar i Rogaland den 27.-28. juni, med temaet  Dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Hans har mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker, og har fleire år vore med på markdagar her.

To menn som står og holder i et hageredskap og snakker med hverandre. Hageutstyr i bakgrunnen.
Hans Gaffke i samtale med en markedshageprodusent under en markvandring i 2021. I år kommer han tilbake til Vestlandet for to dager med gårdsbesøk i Rogaland. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Vi legg opp til dialog med erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk ute i grønsakskulturane, samt direkte omsetning.

Alle interesserte er vel møtt ein eller fleire av følgjande stader:

  • Karmøy 27. juni kl. 10:00 hjå Ådland andelslag, Kristine Kalstø, Søre Ådlandsveg 22, Åkrahamn.

  • Etne 27. juni kl. 14:00 hjå Eikanes andelshage, Ingemund T. Askeland, Gamlevegen 321, Etne.
  • Sandnes. 28. juni kl. 09:30 hjå Sandnes andelslandbruk, Torill Østraat, Vatneliveien 33, Sandnes.

  • Klepp. 28. juni kl. 12:00 hjå Anda Andelsgard, Brekkevegen 5, Klepp st.

Hans Gaffke har lang erfaring som grønnsaksrådgivar. Til dagleg jobbar han som rådgivar i NLR Øst.

Pris for ei eller fleire markvandringar: medlemmer i NLR gratis, ikkje medlemmer kr. 300,- per driftseining. Servering av kaffi, te og kjeks.

Inga påmelding. Betaling under arrangementet. 

Publisert 26.04.2023
Dato:
27. juni 2023 10.00 - 28. juni 2023 15.00
Sted:
Karmøy, Klepp, Sandnes, Klepp
Arrangør:
Ane Harestad, NLR Rogaland
Målgruppe:
Alle som driver eller skal drive småskala grønnsaksproduksjon for salg