Økologisk fruktdyrking - workshop

På Sogn Jord og-hagebruksskule i Aurland har dei etablert ein visningshage for økologisk fruktproduksjon, kor dei viser fram ulike dyrkingssystem for økologisk drift. 7.-8. mars blir det ein workshop kor du får hauste av dei viktigaste erfaringane so langt, samt podekurs og inspirasjon til å starte ein fruktproduksjon med tanke på direktesal og lokal omsetning. 

Målet med samlinga er at du som småskalaprodusent skal se muligheitene i norsk økologisk fruktdyrking med tanke på direktesal av frukt og jus: Kva for val har ein med tanke på

  • sortar
  • dyrkningssystem
  • mekaniseringsgrad
  • årshjulet - kva styrer ein småskala økologisk fruktproduksjon

PROGRAM

PROGRAM

Hvis du er påmeldt og har fått bekreftelse på at du har fått plass, så meld gjerne hvilke måltider og aktiviteter du skal delta på: 
Mat + aktiviteter under frukt-workshopen på SJH 6.-8. mars – Fyll ut skjema

Fredag 6. mars blir det tilrettelagt med kveldsmat. Overnatting må du booke sjøl. 

LAURDAG 7. MARS

08:30 - Velkommen og presentasjonsrunde v/ Rektor Børe Solberg, Sogn jord-og hagebruksskule

09:20 - NY sortsveileder for økologisk eple-og pæreproduksjon v/Dag Røen, Njøs frukt og bærsenter

10.00 - Sammenhengar mellom sortsvalg, plantemateriale og plantevern v/Martin Dalen, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

11.00 - Podekurs - intro til teknikkar v/ Oddmund Frøynes, NIBIO Lofthus

12.00 LUNSJ

13.00 Podekurs – gårds-planteskolen frå pisk til fruktbering. Slutt: 17.00

18:00 – MIDDAG på Marianne’s kafe på Aurlandsvangen

19:00 – INSPIRASJONSFOREDRAG med SIDERSMAKING v/Jan Ove Nes frå Harding Økologiske Sideri
Påmelding til sidersmaking her: 225,- :
Mat + aktiviteter under frukt-workshopen på SJH 6.-8. mars – Fyll ut skjema
20:00 – baren er open…

Du må booke overnatting sjøl - sjå tips under!

SØNDAG 8. MARS

08.00 markvandring i visningshagen – 3 ulike dyrkingssystem for frukt: fra tettplanting til mer ekstensive system med kraftige grunnstammer (SJH)

10.00 Prinsipp for skjering av dei 3 ulike dyrkingssystema v/ Jan Ove Nes

12.00 LUNSJ

13.00 Mekanisering i fruktplantingar + lagring

14.00 Årshjulet i frukthagen (gjødsling, plantehelse, jordprøver)

15.00 Vidareforedling av frukt - Turid Alice Skjervheim frå Haust i Hardanger, fortel om tørking og vidareforedling av frukt frå eigen produksjon.

16.00 Lagring - for vintersal

16.30 HEIMREISE

PRAKTISK INFO

Pris: 500 ,- per deltakar for heile helga 
Målgruppe:
Alle som driv gard der fruktproduksjon er mogleg og ynskjer å etablere ein salsproduksjon med økologisk frukt (eple/pære) - gjerne i kombinasjon med ein marknadshage

Påmeldinga er avslutta - kurset/workshopen er fult!

NB! Du er påmeldt når du har fått beskjed om at du har plass og har betalt for å delta! Ingen refusjon av påmeldingsavgift, dersom du ikkje kan koma likevel.

Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har i 2025 starta arbeidet med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon. Den er til inspirasjon for deg som vil etablere fruktproduksjon på eigen gard, anten som hovudnæring eller som eit tillegg til andre produksjonar.

I ei helg i mars vil hagebrukslærar Mathias Lehrmann dele erfaringane av dette arbeid med deg og invitere andre produsentar og fagfolk til erfaringsutveksling, podekurs og sortvurderingar – ein workshop i øko-fruktdyrking!

TIPS til overnatting: 

-Hotel Aurlandsfjord
-Vangsgaarden Gjestgiveri, Aurland

- ELLER SØK på overnatting i Aurland/Flåm. Gjerne gangavstand til Aurlandsvangen mtp sidersmaking lørdag kveld  

HUGS! VIKTIG!

- Du får ikkje lov til å ta med eigne podekvistar av omsyn til smitte av skadegjerarar!

- Skotøy og yttertøy for gards-vandring i frukthagen på SJH

Publisert 22.01.2026, Oppdatert 22.01.2026
Dato:
7. mars 2026 09:00 - 8. mars 2026 16:30
Sted:
Aurland - SJH
Arrangør:
Sogn Jord og Hagebruksskule - SJH
Målgruppe:
Alle som driv gard der fruktproduksjon er mogleg og ynskjer å etablere ein salsproduksjon med økologisk frukt (eple/pære) - gjerne i kombinasjon med ein marknadshage