Webinar – Tilskudd fra Innovasjon Norge til småskala grøntproduksjon

Tilskot til småskala frukt,-bær og grønsaksproduksjon frå Innovasjon Norge, vart muleg frå 2020. Tilskotet sorterer under tilleggsnæringar, på nye eller etablerte gardsbruk. 17. november vart det gjennomført eit webinar, kor du kunne du få vite meir om ordninga frå Innovasjon Norge sentralt, med døme frå sakshandsaming i Vestland og erfaringar frå ein produsent i Trøndelag: Sigurd Vassenden frå Grønt frå Grindal. Opptaket kan du sjå her:

 

 

Det er eit webinar som er for alle produsentar som vurderer å søkje tilskot frå Innovasjon Norge. Opptaket kan du sjå i biletet over og blir liggande på denne artikkelen framover - du kan også laste ned plansjane frå webinaret i eitt samla dokumet, i boksen for Dokumenter.

Deltek deltakarane kunne stille spørsmål og få svar, på slutten av webinaret. Sjå elles tidspunkt i sendinga, kor dei ulike innleiarane starta.

Du kan også kontakte ditt lokale kontor i Innovasjon Norge for å få detaljar om korleis dei prioriterer og sakshandsamar søknader i din region. Spør etter sakhandsamarar for tilleggsnæringar i landbruket eller småskala grøntproduksjon. Nokre regionar har søknadsfrist 1. eller i perioden 1. desember – 1. februar kvart år.

PROGRAM

Tala i programmet indikerer omtrentleg start for dei ulike innleiarane - du kan trykke på dei og kome direkte til den plasseringa i sendinga:

04:00 - Start - Vertskap og kontaktperson v/Frøydis Linden, Statsforvaltaren i Vestland

05:15Velkommen v/ Randi L. Gjertsen i Bondens Marked, prosjektet Robust småskalagrønt.

10:00Innovasjon Norge v/Kjell Bruvoll om bakgrunnen for ordninga og kva som generelt blir vektlagt i sakshandsaminga

20:00Eksempel 1: Erfaringar frå ein produsent som har søkt Innovasjon Norge: Sigurd Vassenden, Grønt frå Grindal, Trøndelag.

40:00Eksempel 2: Praktisk saksbehandling i ein IN-region : Vestland v/Vemund Aartun 60:00 – Samtale mellom saksbehandlar og produsent – samt svar på spørsmål i chat’en v/May-Britt Otterlei, Innovasjon Norge.

1:30 - Slutt

Publisert 03.11.2021