Treng du ein mentor?

Er du ny eller ung bonde som skal satse på tradisjonell drift eller tilleggsnæring på eigen gard, anten det er konvensjonell eller økologisk drift - gjerne innan småskala grønsaksproduksjon, frukt eller bærproduksjon? Ønskjer du å dra nytte av kunnskapen til ein bonde med meir erfaring? Då er mentorordninga til Norsk landbruksrådgiving noko for deg. 

Gode tips frå ein erfaren produsent, kan vere gull verdt i ein oppstartsfase. Mentorordninga er skreddarsydd for dette. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Målet med ordninga er å bistå unge produsenter under 35 år, eller nye produsenter innenfor landbruket eller landbruksbaserte næringer, med kompetanseheving gjennom personlig veiledning i en oppstarts- eller utviklingsfase.

Mentorordninga består av mentorbistand i form av personlig veiledning, samt oppstarts- og avslutningssamlinger organisert av Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Det er ein felles oppstartssamling og det er sett av midlar til minst fem møter mellom mentor og produsent. Det blir inngått ei enkel avtale i byrjinga av året og det er forventa ei kort rapportering på slutten av mentoråret.

Les meir om ordninga her og korleis nokre fruktdyrarar i Hardanger fekk god nytte av mentorordninga - frå nettsida kan du også søke til mentorordninga, som har frist 1. desember: 

Får fruktfagleg oppfylging av mentor | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)

Publisert 29.11.2021