Mentor 2023

Mentorordninga i landbruket har søknadsfrist 1. desember. Det er ei god ordning for deg som vil ha ein erfaren kollega å diskutere med,  i oppbyggingsfasen av ein småskala grønsaksproduksjon. 

Foto: Frøydis Lindén / Statsforvalteren i Vestland.

Søk som ny bonde FØR 1. desember HER!

Norsk landbruksrådgiving administerer ordninga og arrangerer oppstartssamling i vinter for både mentor og deg som ny marknadshagedyrkar. Så held de kontakten sjølve utover året, og mentoren blir honorert for arbeidet. 

Mange har vore veldig fornøgde med ordninga og det er fult mogleg å føreslå ein mentor du ynskjer deg i samband med i søknadsprosessen. Den er ikkje omfattande, men ressursane er begrensa så ein må prioritere kven som får kvart år og mentorplassane blir fordelt per produksjonsområde (sau, mjølk, grønsaker osb). 

Søk som ny bonde FØR 1. desember HER!

Søknadsfristen er 1. desember kvart år for heile landet, og du blir fordelt til kontaktpersonar i kvar region av NLR. Sjå liste over regionkontaktar nedst på nettsida i lenka, og kontakt dei dersom du har spørsmål. 

Publisert 15.11.2022