Sesongkokeboka til jul?
Kanskje kundane dine vil gje bort Sesongkokeboka i julegåve? Elisabeth Fagerland og Skald forlag har laga ei flott og ikkje minst praktisk bok for ein marknadshage sine kundar. Ein får inspirasjon til rettar av sesongens grønsaker og praktiske tips til å ta vare på og få det beste ut av grønsakene. No kan du bestille boka for vidaresal i eige verksemd, innan 1. desember.
Fylj Sesongkokeboka på instagram
- sjå wordfil i tilfelle du vil tilpasse ein "flyer" om Sesongkokeboka med QR-kode og annen betalingsinfo/eller bestillingsinfo.
Kva kan du tene?
Som småskala grønnsaksprodusent kan du tinge boka og få den til rabatert pris. Ved bestilling av 5 bøker eller fleire, får du gratis frakt. Du kan óg få ein forteneste på 40%, når du sel boka vidare til dine kundar.
EKSEMPEL:
- Utsalgspris er og må vere: 549 kr.
- Du kjøper inn boka til ca 330 kr + moms
- = 413 kr per stk inkl moms
- 5 bøker vil totalt koste 2065 inkl moms (1650 utan moms)
NB! Dersom du vil ha 4 bøker eller færre bestiller du dei direkte frå Skald forlag på www.skald.no
Nokre presiseringar:
- Bestill boka ved å fylle ut felta under
- Du får tilsendt faktura saman med bøkene direkte frå Skald forlag. Hugs at moms blir lagt på totalsummen.
- Dersom du skal gje bort bøkene i gåve, kan du ikkje bestille med forhandlarrabbat. Då må du kontakte simone@skald.no direkte for bestilling, men du kan framleis få det fraktfritt ved bestilling over 5 stk.
- Utssalsprisen er 549,- og du skal vidarselje boka til denne prisen. Du kan ikkje sette din eigen (rabbaterte) pris.
- Bestillingane gjort på denne sida vil bli sendt til Skald forlag ei gong i veka, så rekn med 2-3 veker frå bestilling til du kan hente bokpakka på posten.