Lokale besøkskveldar til marknadshagar i Vestland

Endeleg! No kan du melde deg på lokale besøksrunder til småskala grønsaksprodusentar som er i startfasen eller i god drift: kvar torsdag i august og fyrste torsdagen i september kl 18-20 kvar gong. 

Det blir mindre, lokale besøksrunder hjå marknadshageprodusentar i Vestland kvart torsdag i august + første i september, kl 18-20. Gratis, men påmelding viktig for å kunne forberede besøket. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Det har lenge vore etterspurt lokale besøksrunder hjå småskala grønsaksprodusentar i same kommune eller i nabokommunen. Då blir det mindre reiseavstand og lettare å ta kontakt med kvarandre seinare. Gardane som har aktiv drift i dag, og kor det ikkje har vore markvandringar før, har blitt inviterte til å vere vertskap for besøkrundene. 

kl 18-20 KVAR TORSDAG I AUGUST + første torsdag i sept

Påmelding er viktig for å kunne førebu besøket, og du får melding om adresse etc. nokre dagar før.

Det er produsent(ane) på garden som er vertskap for besøket - i utgangspunktet er det ingen rådgjevar tilstades. Med andre ord er det tenkt som eit møte mellom kollegaer.

Så meld deg på så mange marknadshagebesøk du vil og får til! Me håpar mange vil prioritere desse torsdagsmøtene i år, då dette er siste prosjektår og få ressursar til slike initiativ framover. 

PÅMELDING:

VELG EIN ELLER FLEIRE DATOAR/STADER:
Publisert 27.07.2022
Dato:
4. august 2022 18:00 - 1. september 2022 20:00
Sted:
Vestland - sjå påmeldingsoversikt
Arrangør:
Bondens marked, Marknadshageprosjektet i Vestland
Målgruppe:
Alle som driv aktiv småskala grønsaksproduksjon, i oppstarts-eller driftfase.
Påmeldingsfrist:
1. juli 2022 23:00

Kontaktpersoner