Markvandring og nettverksmøte på SJH

Fagdag måndag 30. august med markvandringar i grønsaksproduksjonane og gardskompostanlegget på Sogn Jord-og hagebruksskule i Aurland. Kvelden før blir det nettverkssamling med deling av erfaring frå sal lokalt og korleis ein kan vere best synleg på sosiale media. Om ettermiddagen søndag kan du også bli med på markvandring til en markedshage i Marifjøra, ca 1 t kjøretur frå Aurland, i Luster. 

Frå den allsidige grønsaksproduksjonen på Sogn-jord og Hagebruksskule i Aurland. Salat i full produksjon sommaren 2020.
Frå den allsidige grønsaksproduksjonen på Sogn-jord og Hagebruksskule i Aurland. Salat i full produksjon sommaren 2020. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

PROGRAM

Søndag 29. august - kl 15-17 - gratis

MARKVANDRING I MARIFJØRA

Vi besøker Mathilde og Martin på Bøtun gard i Marifjøra og hører om drifta på deres småbruk, og markedshagen på 4 daa som de startet å bygge opp i 2020/2021. Gunnlaug Røthe frå Norsk landbruksrådgiving Vest deltek. 

Les mer om drifta på Bøtun og det er EGEN PÅMELDING til dette arrangementet (du må altså melde deg på både til markvandringen i Marifjøra og arrangementene i Aurland/på SJH, hvis du vil delta på alt!)

Påmelding til markvandringen i Maifjøra

 

Søndag 29. august - kr 100,- inkl kveldsmat (Betaling under arrangementet på vipps eller izettle-app hvis du trenger kvittering)

NETTVERKSSAMLING - KVELD

Marknadsarbeid med ein marknadshage

18:30 – 21:00 På klyngetunet Otternes i Flåm. 100,- inkl kveldsmat og kaffi

Frøydis Lindén vil leie ein kveld med erfaringsutveksling og praktiske tips om marknadsarbeid og å bruke sosiale medier for å bygge ein god og stabil kundekrets. Det blir óg ein omvisning i testproduksjonen av grønsaker som Jorunn Vallestad har drive, kor hovudkunden har vore pop-up restauranten på Otterned i sumar. 

 

Måndag 30. august – kr 250,- inkl varm lunsj og kaffi/kake. (Betaling under arrangementet på vipps eller izettle-app hvis du trenger kvittering)

FAGDAG MED MARKVANDRING

09:00 – Kaffi og registrering (betaling)

09:30-12:00 – Markvandring i grønsaksproduksjonane på SJH: Sogn jord og hagebruksskule (SJH) har over lang tid hatt ein frilands-og veksthusproduksjon av grønsaker, og i 2019 starta dei eit eige felt med drift etter marknadshageprinsippa. Denne dagen får me ein markvandring i desse produksjonane med Mathias Lehrmann, som er ansvarleg for grønsaksproduksjonen og undervisinga knytt til den. Han vil legge vekt på bruk av kompost og lokale gjødselsressurar, samt noko om vatningsanlegg og utstyr for oppstart av ein marknadshage. 

12:15 Varm Lunsj

13:00 – 16:30 Jordbiologi og kompost: Me ser på eigne jordprøver (du kan ta med ein jordblokk frå eigen gard i ei bøtte, og samanlikne med dei andre sine jordprøver) og får omvisning i gardskomposteringsanlegget på SJH. Det blir ein befaring på dette anlegget med rankekompost og eit foredrag om jordbiologi, og kor viktige mikroorganismar og jordliv er for ein vellukka grønsaksproduksjon. 

 

Påmeldingsfrist 25. august. 

Overnatting må organiserast av den enkelte sjølv.

Tips til overnattingsplassar:
Lunde campging
Hotell Aurlandsfjord
Vangsgården gjestgiveri

Publisert 14.06.2021
Dato:
29. august 2021 18.30 - 30. august 2021 16.30
Sted:
Sogn Jord-og hagebruksskule, Aurland
Arrangør:
Bondens marked, Statsforvaltaren i Vestland, Sogn-jord og Hagebruksskule
Målgruppe:
Deltakarar frå marknadshagekursa 2020/2022, samt produsentar som driv småskala grønsaksproduksjon eller planlegg å søke på marknadshagekurset i 2022.
Påmeldingsfrist:
25. august 2021 23.00