Innblikk i marknadshagen i Strandvik

Markvandring hjå Simon og Jovana Wolff på Stølen gard i Strandvik, Bjørnafjorden kommune, den 10. juni 2021. Dei etablerte ein marknadshage i 2021 og skal bygge eit geitfefjøs og drive mjølkeforelding, med oppstartsstøtte frå Innovasjon Norge.

I fjor starta dei med 5 senger med grønsaker på eit testareal, med hjortegjerde rundt (støtte frå viltfondet i kommunen), etter at Simon deltok på marknadshagekurset vinteren 2020. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

I år har dei ein grønsaksproduksjon produksjon på 21 faste bed på 10 meters lengde og 75 cm breidde, og testar ut ulike breidder og måtar å halde gangareala dekte på.

Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Fem av beda er i ein tunnel og på sikt skal dei ha produksjon i ein tunnel til. Tunnellane er 5,5x16 m og er kjøpt gjennom fellesbestilling frå L.O.G. Dei har og eit eige «traktor»-areal på ca 1 daa for potet, gresskar og gulrøter.

Simon og Jovana driv fram oppalsplanter sjølve, fyrst i kjellaren på huset og vidare i tunellen. Dei satsar på ein mindre tomatproduksjon i tunnellen, for å skape variasjon i grønsakskassene.

Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Dei har 15 abonnentar i år og leverer i 18 veker i to størrelsar: ein familiestorleik og ein for einslege. Dei rekrutterte i fjor gjennom open dag for folk i bygda, samt etablerte facebookside og nettsida vart ferdig i vår. Målet er å auke til 30 abonnentar, og prøve å halde produksjonen sjølve, utan innleigd hjelp.

Simon er utdanna både som skogbrukar og som møbelsnekkar, og prøver å lage så mange av reiskapene han kan sjølv. Eller i det minste lagar han skafta, slik at dei blir lange nok og ergonomiske og gode å bruke.

Rådgjevar Hans Gaffke og Simon Wolff diskuterer ulike handreiskap som ein bør ha i ein startfase av ein marknadshageproduksjon: både faste og gjenga hakker i ulike breidder (frå 12-17 cm) er viktige å ha, for å kunne tilpasse arbeidet mellom dei ulike radkulturane. Skal ugras handteringa bli effektiv, må ein unngå handluking, i så stor grad som mogleg.

Noko av jorda på garden har høgt moldinnhald og held godt på fuktigheiteten. Difor har dei bygd opp beda sine noko, med kvist i botnsjiktet for å sikre god nok drenering. Dei har i tillegg kjøpt inn kompost frå Arna jordsortering, og har han gjødsla med pelletert hønsegjødsel og brenneslevatn. Han har og henta noko tang og testar ut ulike jorddekker og fangvekster. Målet er å ta jordprøver og få kontroll på næringssituasjonen i framtida, når all utleigd jord er teke tilbake i gardsdrifta. 

Simon er oppteken av å få god lønsemd og kunne forstå økonomien i ein småskala grønsaksproduksjon. Jovana og Simon samarbeider om å notere gjeremål og kor mykje tid dei brukar på dei ulike kulturane og i så stor detaljgrad får til. Simon nyttar appen Toggl til dette. Dei vil gjere det i nokre år, for å kunne sjå på tidsbruk, effektivisere og auke lønsemda over tid. Dei har set seg mål om å stabilisere drifta ved om lag 30 abonnementskassar og å halde produksjonen i hevd utan innleigd hjelp.

Frå markvandring 10. juni 2021 - Foto og skrivar: Frøydis Lindén.

Publisert 04.08.2021, Sist endret 06.08.2021