Erfaringar frå markvandring hos Erik Halvorsen

Mellom bratte fjell i Hålandsdalen, ikkje langt frå Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune, besøkte femten ivrige marknadshagedyrkarar Erik Halvorsen og grønsaksproduksjonen han driv. 

Erik Halvorsen driv Debio-godkjent grønsaksproduksjon med om lag 30 kulturar, 2000 frukttre (mest plomme og noko eple) og sauehald i Hålandsdalen, ein halvtimes køyretur fra Eikelandsosen i Bjørnafjorden. Han har to små tunnellar og har eige oppal av småplanter. Delar av produksjonen vert drive med traktor, noko av produksjonen er retta mot faste bed og marknadshagedrift. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Dette er andre garden Erik Halvorsen driv. Han har heile tida satsa på sal av grønsaker til ein marknad med både privatkundar og restaurantar i Bergen, som er maks 1,5 times køyretur frå garden. Dette var også ramma for kor han ville kjøpe gard i si tid.

No sel han også på REKO-ringane i Bergen (ca 1/3 av produksjonen), med mesteparten av salet etter fellesferien (august-sept). Han dreiv sjølv i restaurantbransjen i fleire år og har hatt god nytte av denne kunnskapen når han skal produsere og selje grønsaker til restaurantar.

Halvorsen er heilt avhengig av eit godt jordliv for å få til gode avlingar på grønsaksarealene sine. Grønsakssengene blir etablert med traktor og er stort sett er på dei flatare areala ved elvedeltaet, kor det er sand og silt i blanding.

Han grøfter og kalkar jorda systematisk og nyttar eigen kompostert sauetalle som gjødsel og til jordforbetring. Felta vert overgjødslar med pelletert hønsegjødsel i dei vekstene som krever meir nitrogen og fosfor enn det som finnes i komposten, til dømes blomkål, purre og lauk. I tillegg får Halvorsen hjelp av NLR Vest for å lage gjødselplan og balansere næringstilskota sine.

Tunnellen er 50m2 (den til oppal).

I tunellen for oppal driv han fram plantene tidlig, på eit lag med pallar med varmekablar under, og to lag med fiberduk i små bogar over rekkene. Selleri og blomkål er spesielt utsatt for nattekulde og tåler ikkje for låge temperaturar på nettene.

I mars startar oppalet inne med lysarmatur han kan heve etter kvart som plantene veks. Då får plantene optimal lysmengde fra de er nyspirt til dei må pottast om.

Eirik Halvorsen lagar sin eigen såjord, for å sikre jevn kvalitet og tilpasning til ulike kulturar. Oppskriftene har han tatt med seg fra gardar han har arbeidd på for å få erfaring, før han starta sin eigen produksjon.

Han nyttar to typer eigenblandet såjord: ein "salatmiks" til mindre næringskrevande vekster og ein "kålmiks" til meir næringskrevande vekster. I tillegg lagar han en "tomatmiks" til ompotting av tomat og agurk. Til dei fyrste holdene bruker han plugger med stort jordvolum (90 cl) for å sikre nok næringsforsyning, istedenfor å bruke gjødselvanning etterkvart som næringsbehovet stig.

Jordblokker eller pluggbrett? Erik nyttar jordblokker, som han stansar ut med verktøyet på biletet over, og legg ut på undervanningsbrett til alle sine salatar. Pluggbrett brukar han til alle kålvekstene sine.  Rådgiver Hans Gaffke anbefaler Quick pot som pluggbrett (100 cl laga til skogsplanter og jordbær), for å sørge for god nok «jordmatpakke». Dette kan være ein fordel dersom det blir kaldt ute og plantene må «vente» i pluggbrettet. Då kan dei vekse vidare utan stress, fordi det er nok jordvolum i pluggbretta.

Erik er oppteken av at både han og praktikantene (1-2) han har på garden, har gode arbeidsstillingar og tek vare på kroppen undervegs i arbeidet. Han brenn for grønsaksdyrking og vil gjerne halde fram med å dyrke grønsaker i mange år enno. Då må han – og alle andre som vil drive med grønsaker – sørge for å strekke ut dagleg, og bevisst unngå slitasje og ryggskader.

- Kvar gong eg må ned på kne og luke seier eg høgt til meg sjølv «no tapar eg pengar!» formanar Erik Halvorsen vennleg, når vi står ute i grønsaksåkeren hans. Det er ikkje alltid eg klarer å arbeide førebyggjande og unngå kveke og etablering av ugras, men erfaring har lært meg at det er mykje tid å spare ved å ha god og forebyggande kveke-kamp og ha korte men hyppige gjennomgangar i bedene med bøylehakkene. Du skal ikkje grave i jorda med bøylehakken, men skjære av rothalsen til ugraset, på overflaten av jorda. Då kan ikkje ugraset vere komme for langt, avsluttar Erik Halvorsen markvandringen.

Frå markvandringen den 10. juni 2021 og 15. juni 2022. Foto og skrivar: Frøydis Lindén.

Publisert 03.08.2021, Sist endret 06.08.2021

Faktaboks

Oppstartsår: 2007
Daa - markedshage: 4 daa
Traktordrevet: 1 daa potet
Jordtype: siltig sand
Herdighetssone: 2
Siste frostdato: medio april
Omsetning: Restauranter (2/3), REKO (1/3)
Andre produksjoner: Gammalnorsk spelsau (100vf), 10 daa frukt, litt bær
Eget planteoppal
Debio-godkjent
Facebook-side