Markedshagar i fjellet

Markedshagar i fjellandbruket blir drivi av prosjektet «Grønsaksproduksjon og anna dyrking i fjellandbruket». Dette prosjektet samarbeider med og skal gjennomføre dei fem modulane i Inkubatorprogrammet.

Grønsaksproduksjon hausten 2020 frå Avdem Gardsgrønt på Lesja.
Grønsaksproduksjon hausten 2020 frå Avdem Gardsgrønt på Lesja. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Tidlegare arbeid i Hallingdal synte at det var interesse både hjå reiselivsbedrifter og enkeltpersonar til å kjøpe lokale grønsaker. Videre var det tydeleg at ein god dialog mellom produsent og kjøper er viktig for å få fram produkta og å opprette egna salskanalar. «Grønsaksproduksjon og anna dyrking i fjellandbruket» skal hjelpe produsentar som ynskjer å produsere grønsaker, poteter, bær og urter i fjellandbruket. Frå det gjennomførte forprosjektet, var det eit tydeleg behov om meir kunnskap om produksjonen og å få hjelp til å koma i gang med marknadsføring og sal.

Når me vart kjent med Inkubatorprogrammet, passa det godt med måla i arbeidet prosjektet skulle i gang med. Dette ga både eit større nettverk og tilgang på gjennomarbeida kunnskap både for dyrking, sal og marknadsføring.

Deltakarane i inkubatorprogrammet har alle eigen jord og er frå fleire fjellkommunar.  Nokon har dyrka tidlegare og nokon startar opp med testdyrking på lite areal denne fyrste sesongen. Samla har gruppa store moglegheit for å utvikle eit godt nettverk for småskala grønsaksprodusentar i fjellet. Fleire har allereie selt heile avlinga si dette fyrste året noko som inspirerer fleire til å dyrke.

For fjellandbruket er det viktig at me byggjer vidare på eksisterande dykingskompetanse fra den korte vekstsesongar i fjellet. I det første kurset og i kurset som no skal i gang, har me god nytte av erfaringane til Sofia Maria Bang Elm som driv Avdem gardsgrønt på Lesja.

Oppfylging etter dei fem modulane

  • Me skal gjennomføre møter, Teamsmøter, markvandringar og erfaringskonferanse i 2022
  • Me skal samarbeide, kartlegge og arbeide for å få fleire salskanalar
  • I samarbeid skal me finne gode løysingar for kunnskapsdeling og nettverk som fungerer for produsentane

Ynskjer du å lære meir om grønsaksdyrking eller bli ein del av nettverket i Fjellandbruket, kan du ta kontakt med prosjektleiar Marit Torsrud Nerol.