Økologisk fruktdyrking - workshop

På Sogn Jord og-hagebruksskule i Aurland har dei etablert ein visningshage for økologisk fruktproduksjon, kor dei viser fram ulike dyrkingssystem for økologisk drift. 7.-8. mars var det ein workshop kor ein fekk hauste av dei viktigaste erfaringane so langt, samt podekurs og inspirasjon til å starte ein fruktproduksjon med tanke på direktesal og lokal omsetning. Lenker og presentasjonar finn du under - eller i høgre felt på nettsida. 

Målet med samlinga var at du som småskalaprodusent skulle sjå muligheitene i norsk økologisk fruktdyrking med tanke på direktesal av frukt og jus: Kva for val har ein med tanke på

  • sortar
  • dyrkningssystem
  • mekaniseringsgrad
  • årshjulet - kva styrer ein småskala økologisk fruktproduksjon

PROGRAM

Lenke til evalueringsskjema

PROGRAM

Fredag 6. mars blir det tilrettelagt med kveldsmat. Overnatting må du booke sjøl. 

LAURDAG 7. MARS

08:30 - Velkommen og presentasjonsrunde v/ Rektor Børe Solberg, Sogn jord-og hagebruksskule

09:15 - NY sortsveileder for økologisk eple-og pæreproduksjon v/Dag Røen, Njøs frukt og bærsenter

09:45 - Sammenhengar mellom sortsvalg, plantemateriale og plantevern v/Martin Dalen, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

11.00 - Podekurs - intro til teknikkar v/ Oddmund Frøynes, NIBIO Lofthus

12.00 LUNSJ

13.00 Praktisk podekurs – frå pisk til fruktbering. Rotering på ulike stasjonar.  Avsluttast med ei økt om planteskoledrift og oppal av eigne frukttre. Rettleiarar: Frøynes, Lehrmann, Dalen. Slutt: 17.00

18:00 – MIDDAG på Marianne’s kafe på Aurlandsvangen

19:00 – INSPIRASJONSFOREDRAG med SIDERSMAKING v/Jan Ove Nes frå Harding Økologiske Sideri pris 225,- 

20:00 – baren er open…

Du må booke overnatting sjøl - sjå tips under!

SØNDAG 8. MARS

08.00 markvandring i visningshagen – 3 ulike dyrkingssystem for frukt: fra tettplanting til mer ekstensive system med kraftige grunnstammer (SJH)

10.00 Prinsipp for skjering av dei 3 ulike dyrkingssystema v/ Jan Ove Nes

12.00 LUNSJ

13.00 Mekanisering i fruktplantingar + lagring

14.00 Årshjulet i frukthagen (gjødsling, plantehelse, jordprøver)

15.00 Vidareforedling av frukt - Turid Alice Skjervheim frå Haust i Hardanger, fortel om tørking og vidareforedling av frukt frå eigen produksjon.

16.00 Lagring - for vintersal

16.30 HEIMREISE

PRAKTISK INFO

Pris: 500 ,- per deltakar for heile helga. Tilvalg: 225,- for sidersmaking.
Målgruppe:
Alle som driv gard der fruktproduksjon er mogleg og ynskjer å etablere ein salsproduksjon med økologisk frukt (eple/pære) - gjerne i kombinasjon med ein marknadshage

Lenke til evalueringsskjema

Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har i 2025 starta arbeidet med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon. Den er til inspirasjon for deg som vil etablere fruktproduksjon på eigen gard, anten som hovudnæring eller som eit tillegg til andre produksjonar.

I ei helg i mars vil hagebrukslærar Mathias Lehrmann dele erfaringane av dette arbeid med deg og invitere andre produsentar og fagfolk til erfaringsutveksling, podekurs og sortvurderingar – ein workshop i øko-fruktdyrking!

TIPS til overnatting: 

-Hotel Aurlandsfjord
-Vangsgaarden Gjestgiveri, Aurland

- ELLER SØK på overnatting i Aurland/Flåm. Gjerne gangavstand til Aurlandsvangen mtp sidersmaking lørdag kveld  

HUGS! VIKTIG!

- Du får ikkje lov til å ta med eigne podekvistar av omsyn til smitte av skadegjerarar!

- Skotøy og yttertøy for gards-vandring i frukthagen på SJH

Publisert 22.01.2026